
Når ein fjernar skog langs vegen, får ein ein tørrar vegbane med redusert behov for strøing og salting om vinteren. Trafikktryggleiken blir betre fordi mørke skuggar frå trea forsvinn, og faren for viltpåkøyrsler går ned. I tillegg blir det mindre vegetasjonsavfall som byggjer opp vegskuldra, noko som reduserer behovet for vedlikehald og fjerning av torv langs asfaltkanten.