Tryggleik og kvalitet i fokus

Hos Søvik & Ramstad AS har me høgt fokus på kvalitet og HMS – noko som gjer oss til ein trygg og påliteleg samarbeidspartnar. Me  jobbar målretta med kvalitetssikring og helse, miljø og sikkerheit i alle prosjekt vi gjennomfører.

For oss handlar kvalitet om å halde det me lovar – overfor kundar, tilsette og eigarar. Difor investerer vi kontinuerleg i å forbetre system, verktøy, kompetanse og haldningar.

HMS er ein integrert del av kvalitetsarbeidet vårt. Målet er at alle oppgåver skal gjennomførast utan personskadar, og vi gjer alt vi kan for å unngå ulykker på arbeidsplassen. Gjennom tett oppfølging, fokus på førebygging, og tiltak som fremjar trivsel, jobbar vi for å redusere sjukefråværet. Me oppmodar alle tilsette til å ta aktiv del i HMS-arbeidet – fordi tryggleik er eit felles ansvar.

Vel du Søvik & Ramstad AS, vel du ein trygg samarbeidspartnar.