Søvik & Ramstad AS blei etablert i 2022 av Sjur Helge Ramstad og Sigurd Søvik – to erfarne fagfolk med over 20 år kvar innan skogbruk, trafikkdirigering og entreprenørarbeid. Med sterk yrkesstoltheit og eit ønske om å byggje noko nytt, skapte dei ei verksemd med solide verdiar, trygge rammer og vilje til vekst.
Sidan oppstarten har selskapet vakse frå to til nesten femti medarbeidarar. I dag leverer me tenester frå Røldal i aust til Bokn i vest, der våre tilsette er lett kjennelige i oransje refleksvestar og med fokus på kvalitet i alle ledd. Sikkerheit står alltid først.
Våre tilsette er ryggrada i verksemda, og me er stolte av eit arbeidsmiljø der unge og erfarne jobbar side om side, lærer av kvarandre og bidreg til eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap. Søvik & Ramstad AS er eit selskap i kontinuerleg utvikling – bygd på hardt arbeid, gode verdiar og tru på menneska rundt oss. Dette er berre starten.
