Oransje vestar, store visjonar

Når snøen smeltar og graset byrjar å gro, veit bøndene at slåtten nærmar seg. Men våren 2022 bar med seg meir enn berregrønkande marker og travle traktorar. Det var også starten på eit heilt nyttselskap: Søvik & Ramstad AS.

Bak selskapet står to arbeidsame karar med lang fartstid i bransjen – Sjur Helge Ramstad og Sigurd Søvik.

Etter over 20 år kvar med erfaringfrå skogbruk, trafikkdirigering og entreprenørarbeid, fann dei to saman iønsket om å skapa noko nytt. Med stø hand på rattet og blikket retta framover,bestemte dei seg for å satse – og resultatet vart eit selskap med visjonar,verdigrunnlag og vilje til vekst.

Frå to til femti – og endå fleire på veg

Det tok ikkje lang tid før rykta spreidde seg. Folk vart nysgjerrige:Kven er desse Søvik & Ramstad? Kva gjer dei – og korleis kan eg bli med? På kort tid vaks selskapet frå to mann i startgruppa til nesten 50 tilsette – ei blanding av faste medarbeidarar, prosjektarbeidarar og ringevikarar.

Frå Røldal i aust til Bokn i vest er det no oransjerefleksvestar å sjå, med logoen til Søvik & Ramstad på ryggen og stoltheit i blikket. Om vinteren, når snøen dalar tett, har du kanskje sett lastebilane deira på vegane. I djupe dalar og over snødekte fjellpass, held dei hjula igang – uansett vêr og føre.

Sikkerheit først – alltid

Hjå Søvik & Ramstad handlar det ikkje berre om maskinar
og oppdrag.Det handlar om folk. Dei tilsette er ryggrada
i verksemda
, og dei kjem i alle aldrar og fasongar – frå unge arbeidsvillige til godt vaksne med livserfaring i ryggsekken.

Det skaper eit unikt og trygt arbeidsmiljø, der deiunge lærer av dei eldre, og dei eldre får ny giv frå den yngre garden.

Ein ting har dei alle felles: Dei ber den oransje refleksvesten med stoltheit – i sol, regn, sludd og snø. Dei møter både glade bilistar og dei som kanskje ikkje er fullt såfornøgde med å stå i kø. Men uansett humør på dei forbipasserande, så står prinsippet fast:

Sikkerheit først – alltid.

Eit selskap i vekst – eit miljø å vekse i

Det som byrja som ein draum mellom to karar med lang erfaring, har blitt eit fullverdig selskap i vekst. Med sterke verdiar, hardt arbeid og tru på folka rundt seg, har Søvik & Ramstad skapt meir enn ein arbeidsplass –dei har bygd eit fellesskap.

Og dette er berre byrjinga.

Tilbake til Aktuelt